|
onsdag 24. juni 2009 |
Folkemusikkvener, folkedansarar, spelemenn; det er på tide å starte finpussinga av slåttar og dansar, landskappleiken nærmar seg. I år er det Voss spelemannslag som har stafettpinnen og vi ser fram til å vere vertskap for det vi tillet oss å kalle Nordens viktigaste fokemusikkarrangement.
I år er kappleiken tilbake i tradisjonell form med klasseinndeling slik de alle kjenner frå før, men med nokre endringar som bygger på dei mange positive erfaringane på Geilo. Dette er endringar som stort sett er bestemt av landsorganisasjonen vår, nokre i samråd med oss som lokal arrangør.
- Det vert fleire finalar. Det er ikkje plass for finalar i alle klassar i eit kappleiksprogram, frå år til år vil finalane ha ulikt innhald. I år vert det finalar i lagspel til dans, vokal, lausdans og pardans vanleg fele.
- Der er mindre endringar i premiereglementet, detaljane her finn de meir om via websidene www.folkemusikk.no, men ein viktig konsekvens av endringane er at med fleire finalar vert det fleire pengepremiar. Vi vil også informere meir konkret om dette på websidene våre etter kvart som detaljane vert bestemt.
- I lag og gruppespel konkurrerer hardingfele og vanleg fele i same klasse, (noko som vi i Voss spelemannslag sjølvsagt set stor pris på, for no kan vi utfordre alle til ein real konkurranse i lagspel på heimebane).
- I år prøver vi oss også med ei endring for D-klassene. Alle deltakarane i D-klassene, dans, spel og vokal, vert samla i ein programpost som går på torsdagskvelden. Dette vert eit program med stor spennvidd og interessant innhald, absolutt eit av høgdepunkta under kappleiken.
Hovudarena for tevlingane vert Voss idrettshall, Vossasalen (Park Hotell Vossevangen), og Nain. Kappleiksteltet vert plassert berre nokre få steg unna desse arenaane. Kappleikskontor og ymse andre aktivitetar vert lagt til Ungdomsskulen.
Alt ligg til rette for ein kompakt kappleik, sentralt mellom eit livleg og innhaldsrikt bygdesentrum på eine sida og naturvakre Prestegardslandet og Vangsvatnet på andre.
Velkomen til Voss!
|
|